Slik skal Vestland bli ein slagkraftig region

Fireområde gode grunnar til å stemme Høgre. Fylkestingsvalet denne hausten handlar om mykje meir enn kven som skal få bere fylkesordførarkjeda dei neste fire åra. Valet handlar om kven som er villig til å gripe mogelegheitene det nye fylket gjev oss. Valet handlar og om korleis vi kan leggje til rette for innbyggjarane våre på best mogeleg måte. Ikkje minst handlar det om kven som klarer å byggje ein region som kan konkurrere med hovudstadsområdet. Sogn og Fjordane og Hordaland har mykje å lære av kvarandre, og vi skal klare å hente ut det beste av kvart fylke for å skape ein slagkraftig ny region. Vestland skal vere eit ja-fylke

  1. Meir samarbeid mellom næringsliv ogkommune.

Dei siste åra har Sogn og Fjordane vore flinkare til å samarbeide med næringslivet enn Hordaland. Vestland blir eit næringsfylke med høg verdiskaping og spennande arbeidsplassar frå nord til sør. Då må Vestland fylkeskommune bli ein god samarbeidspartnar for næringslivet. Det skal vere ein høg terskel for å setje kommunane sine planar til sides. Kommunane er nøydde til å få meir fridom til å råde over sine areal og ressursar, utan at fylkeskommunen skal vere bremsekloss.

  1. Opne skulegrenser istorfylket.

Høgre kjem alltid til å vere garantisten for fritt skuleval, og på tvers av dei gamle fylkesgrensene. Fritt skuleval er det mest rettvise systemet for alle elevar i Vestland. Når to fylke blir til eitt, må vi og opne opp for at elevar som ønskjer å søke seg til andre delar av det nye storfylket, og ikkje la gamle grenser leggje hindringar for elevane.

  1. Offensiv satsing på vegar ograssikring.

I Vestland skal vi kome raskare fram og tryggare heim. Vestland kjem til å ha heile 5600 kilometer med fylkesvegar. Det er nesten like langt som å køyre frå Bergen til Paris og heim att. Ved å jobbe med vegane i fylket vårt har vi høve til å leggje godt til rette for at innbyggjarane kan reise som dei vil og at næringslivet kan vekse. Men vi må faktisk erkjenne at vi har eit vedlikehaldsetterslep på rundt 11 milliardar kroner.

  1. KnyteVestland saman gjennom kollektivtilbod.

Vestland på sitt beste har eit godt kollektivtilbod. Fleire avgangar er viktig for å knyte Vestland saman. Det at bussen, bana eller båten faktisk går er viktig for alle oss som bur her, men og for at fleire vel kollektivt framføre bilen der det er mogeleg. Vi må og sjå på nye løysingar som kan gjere det mogeleg å gje særleg distrikta eit betre tilbod som er tilgjengeleg når ein treng det. Ferjene er viktig for Vestland og vi kan ikkje gløyme at dette i praksis og er del av vegen til folk som er avhengig av dette kollektivtilbodet.