Ta ferien i Noreg!
Vestland Høgre vil møta ein svært krevjande situasjon i reiselivsnæringa med støtte til kampanje for ferie i Noreg. Det er verdiskaping i praksis, verdifulle opplevingar for gjestene og viktige inntekter til bedrifter og lokalsamfunn.
Vestland hadde i 2019 nær 4, 5 millionar overnattingar i hotell, hytter og på campingplassar. Næringa omsette for over 12 milliardar. Det var optimisme for sesongen 2020, inntil koronapandemien råka både nasjonale og internasjonale reiser.
I 2020 blir store delar av reiselivstrafikken borte, med store tap for bedrifter og lokalsamfunn. Kundar frå inn- og utland går glipp av ferie- og fridagar med gode opplevingar. Denne situasjonen må me møta både med kortsiktige og langsiktige tiltak. Reiselivet i Vestland treng å få tilbake nødvendig volum for å sikra lønsemd og framtidig vekstkraft.
Alle er tente med at koronaviruset blir nedkjempa på ein effektiv måte, og så raskt som råd er. Ikkje minst reiselivet er avhengige av at gjestene både er og kjenner seg trygge når dei legg ut på ei reise. Trafikken vil koma tilbake, kanskje sterkare enn før. Då må og tilboda og bedriftene vera på plass.
Vestland har samla sett fleire norske enn utanlandske overnattingar. Men trafikk frå utlandet er stor og viktig, i enkelte regionar over 70 prosent. I 2020 ser det ut til å bli minimal turisttrafikk inn til landet, og det kan bli lite også i 2021. Samtidig blir det få nordmenn som reiser ut av landet. Heilt sidan tidleg på 1970-talet har det vore fleire nordmenn på ferie i utlandet enn utanlandske gjester inn til Noreg. No blir det ei endring, fleire nordmenn er klare til å nyta alle dei fantastiske natur- og kulturtilboda me har. Kampanjane i sosiale media for ferie i Noreg slår veldig godt an.
For 2020 og komande år treng me straks ein effektiv kampanje for ferie i Noreg, sjølvsagt i samsvar med helsefaglege reiseråd. Stat, fylkeskommune og kommunar må spela på lag med næringa for å fremja Noreg som attraktivt reisemål. Ikkje minst Vestland har utruleg mange perler nordmenn vil setja stor pris på.
Kortsiktige tiltak står sjølvsagt ikkje i vegen for nødvendige langsiktige tiltak. Reiselivsnæringa treng gode økonomiske rammevilkår, men og fungerande og framtidsretta infrastruktur. Reiselivet treng ikke minst effektive og miljøvenlege samferdsleløysingar, med gode vegar, serviceanlegg og elektrifiserte transport og hamneanlegg.