Vedtatt resolusjon «Ambisjoner for Vestland»

Følgende resolusjon ble vedtatt av stiftelsesmøtet i Vestland Høgre.

AMBISJONARFOR VESTLAND


Resolusjon vedteke av Vestland Høgre på stiftelsesmøtet 10. november 2018

I nær framtid blir Vestland fylke ein realitet. Fylka Hordaland samtSogn og Fjordane er blitt slått saman, og skal legge grunnlaget for eit nyttfylke, med nye oppgåver. Vestland Høgre har som ambisjon, at fylket skal verelandets beste på livskvalitet for innbyggjarane, og landets desidert besteregion å drive næring i. Vestland fylke skal leggje til rette for sterk vekst,og større kommunar med meir kompetanse, meir lokaldemokrati og tryggelokalsamfunn. Vestland Høgre har store ambisjonar for Vestland.



Fleire i arbeid

Vestlendingar har opp igjennom hundreåra ståttfor innovasjon og hardt arbeid. Vi skapar verdiar og

økonomisk vekst. Når det er vanskelege tider,står innbyggjarane i Vestland klare for å gjere sitt for landet. Olje og gass,havbruk, fiskeri, landbruk, teknologi, turisme og ulike energikjelder, er alle dømepå arbeidsområde der vi har vist vår styrke. For å sikre ytterlegare vekst ogutvikling, må Vestland legge til rette for framtidsretta og innovativeløysingar.

Vestland Høgre vil

  • arbeide for at næringspolitiske verkemiddel skal vere så nær brukaranesom mogleg; inkludert det at næringspolitisk ansvar blir lagt til kommunane – inært samarbeid med fylkeskommunen som ressursbase
  • samle alle tenelege næringspolitiske verkemiddel i fylkeskommunen;inkludert alle ordinære bedriftsretta statlege verkemiddel
  • legge til rette for eit berekraftig og konkurransedyktig næringsliv,samt for eit skatte- og avgiftssystem som kan vere med på å stimulerenæringslivet generelt
  • legge til rette for at vidaregåande opplæring i Vestland er eitkompetansegjevande utdanningssystem som er tilpassa framtidas arbeidsliv
  • arbeide for at gründerar får gode rammevilkår og god oppfølging fråverkemiddelapparatet, med særskilt fokus på inkubasjons- og katapult-programma
  • legge til rette for effektiv omskolering til yrke der samfunnet trengarbeidskraft
  • arbeide for å vidareutvikle sterke næringsklynger der Vestland fylkehar særlege føremon
  • arbeide for betre integrering og inkludering i arbeidslivet formenneske med “hol I CVen”
  • ha målretta innsats mot arbeidslivskriminalitet

Kompetansefor framtida

Vestland er bygd på innsatsen og kompetansen til den einskilde. God ogtilgjengeleg kompetanse er

avgjerande for utviklinga av det nye Vestlandsfylket. Endringar iarbeidslivet gjer at vi treng fagleg påfyll raskare enn tidlegare. Folket sinkompetanse må bli oppdatert kontinuerleg gjennom heile arbeidslivet for åoppretthalde og vidareutvikle eit produktivt arbeidsliv. For den einskildearbeidstakaren er kompetanseutvikling ein stadig viktigare føresetnad for åkunne vere attraktiv arbeidskraft gjennom heile yrkeslivet.


Vestland Høgre vil

  • vere garantisten for fritt skuleval i fylket
  • styrke fagskulane
  • ha eit tett samarbeid med næringslivet og arbeide aktivt for å fåfleire lærlingeplassar
  • legge til rette for høvet til å bygge nye vidaregåande skular somoffentleg-privat-samarbeid (OPS)
  • betre samarbeidet mellom kommunane og fylkeskommunen for å ta i vareelevar som fell ut av den vidaregåande skulen
  • ha ei positiv innstilling til alternativ til den offentlegevidaregåande skulen, som private og ideelle skular, for å sikre ei sunnkonkurranse og eit rikt mangfald i tilbodet til elevane
  • styrke satsinga på yrkesfaga for å legge til rette for framtidasgründerar og jobbar
  • arbeide for at dei høgare utdanningsinstitusjonane får rammevilkår somkan legge til rette for framifrå forsking
  • sikre kompetanse og omstilling ved god tilrettelegging for etter- ogvidareutdanning
  • halde fram med arbeidet me å utvikle ei internasjonal leiande marinkunnskapsklynge kring Universitetet i Bergen (UiB) og Havforskingsinstituttet
  • sates på entreprenørskap i skulen i tett samarbeid med næringslivet
  • arbeide for å styrke integreringa av flyktningar i Vestland fylke


Kultur ogidentitet

Innbyggjarane i nye Vestland fylke har ein felles kultur og identitet,samstundes med at vi har eit stort mangfald representert ved til dømes byar ogbygder, fjell og fjord, og nynorsk og bokmål. Både den felles kulturen og detstore mangfaldet vårt er konkurranseføremon som vi skal nytte oss av iframtida.


Vestland Høgre vil

  • sikre ein samordna kulturpolitikk
  • auke samordninga mellom kulturinstitusjonane i regionen
  • vere ein pådrivar for momskompensasjon for utanlandske filmprosjektsom vert spelte inn i Vestland
  • sikre at nasjonale kulturinstitusjonar utanfor Oslo framleis skal fåfinansiering gjennom løyvingar direkte frå staten, og dermed arbeide mot atfylkeskommunen skal ta over desse oppgåvene
  • styrke Bergen si rolle som ein internasjonal kulturby som kan gjeringverknader for heile regionen
  • utvikle eit sterkare lokalt sjølvstyre på fylkes- og kommunenivå,mellom anna innan ressurs- og arealdisponering samt kulturminneforvaltning


Berekraftigverdiskaping

Globale endringar påverkar menneske, miljø og samfunn. For å vere istand til å handle i samsvar med desse endringane, må vi identifisere og forstådei, utvikle gode løysingar og setje saman dei naudsynte ressursane for å kunnemøte dei på ein god måte. Innovasjon og endringar er komplekse prosessar somkrev tverrfagleg samarbeid. Vestland bør vere eit fylke som legg til rette forframtidsretta og innovative løysingar.


Vestland Høgre vil

  • legge til rette for ei konkurransedyktig og berekraftigreiselivsnæring i Vestland
  • arbeide for berekraftig utvikling innanfor sjømatnæringa; mellom annaved tilrettelegging for havbruk, samt framleis utvikling og prioritering avmiljøvenleg teknologi
  • ha lokal forvaltning av bølge-, vind-, sol- og vasskraft
  • fjerne formueskatten, for å sikre lokal eigarskap gjennom styrking avkonkurranseevna til bedriftene
  • realisere CO2-lagringsanlegg i regionen
  • aktivt legge til rette for å realisere ny verdiskaping innanformineralnæringane
  • gje stabile rammevilkår for olje- og gassnæringa; for å sikre godverdiskaping med lågast mogleg utslepp
  • legge til rette for autonom transport – gjennom å sikre moderneinfrastruktur til testing av ny teknologi
  • redusere fylkesmannen sitt høve til å komme med motsegner tufta påskjøn, mot kommunale vedtak
  • innskrenke fylkeskommunen sitt høve til å komme med motsegner motkommunale vedtak
  • inkludere kommunane i den infrastrukturelle planlegginga av straum-,gass- og vassleidningar
  • opne for ei meir fleksibel og lokal forvaltning av strandsona
  • arbeide for gode rammevilkårfor vasskraftverk
  • arbeide for utjamning av nettariffane i Norge


Trygg og raskframkomst

ForVestland er gode transportløysingar avgjerande for vidare vekst og utvikling.Risiko for ras, flaum og stengde vegar er utfordringar ein møter fleire staderi regionen. Gode jernbane-, båt- samt andre

kollektivtransportløysningarer viktige for både by og bygd. Samstundes må det bli lagt til rette for meireffektiv transport av gods til sjøs. For å legge premissane for ei berekraftignæring, må det også bli lagt til rette for ein transportsektor med lågastmogleg utslepp.

Vestland Høgre vil

  • bygge ut eit velfungerande riks- og fylkesvegnett i heile fylket
  • auke tiltaka innanfor flaum- og rassikring
  • sikre at ferjeavløysingsprosjekt blir realiserte, ved å halde fram medutbygginga av ferjefri infrastruktur i Vestland fylke
  • halde fram arbeidet med å styrke Bergensregionen som hamneby, samtmarin og maritim hovudstad i Norge
  • arbeide for at Vestland er verdsleiande i bruken av fornybar teknologifor alle farty og køyrety
  • sikre finansiering av gode ferjekommunikasjonar i Vestland fylke
  • styrke kommunikasjonane nord-sør, med prioritert utbygging og godtvedlikehald av E39 gjennom fylket
  • jobbefor realisering av Stad skipstunell og viser til at denne er prioritert iNasjonal Transportplan/NTP