Vestland Høgre sitt Næringsforum får ny motor

Bente Kari Sletten Taranger er vald til ny leiar i Vestland Høgres Næringsforum.

Bente Kari Sletten Taranager (Foto: privat)

Vestland Høgre sitt Næringsforum har hatt sitt første møte denne hausten, og Bente Kari Sletten Taranger er vald til ny leiar for forumet.

Næringsforumet er Høgre sitt nettverk mot næringslivet og har som mål å styrkje dialogen mellom næringslivet og Høgre sine tillitsvalde og folkevalde. Forumet skal bidra til å utvikle ein næringspolitikk som er forankra i erfaringane og behova til dei som skaper arbeidsplassar og verdiar rundt om i fylket.

– Vestland er eit fylke med eit mangfaldig og sterkt næringsliv. Frå sjømat og maritim verksemd til industri, handel, reiseliv og teknologi finn vi bedrifter som er avgjerande for verdiskaping og sysselsetjing i lokalsamfunna våre. Skal Høgre utvikle god næringspolitikk, må vi vere flinke til å lytte til dei som kjenner kvardagen i næringslivet best, seier Taranger.

Næringsforumet ønskjer å vere ein arena for dialog og erfaringsutveksling, og eit bindeledd mellom bedriftene i Vestland og Høgre sitt politiske arbeid lokalt, regionalt og nasjonalt.

– Vi ønskjer å få innspel frå næringslivet om både utfordringar og moglegheiter. Kva fungerer godt, og kva kan bli betre? Kva saker bør Høgre løfte fram? Desse innspela er viktige for å utvikle politikk som legg til rette for vekst, verdiskaping og fleire arbeidsplassar, seier Taranger. Tema som kompetanse, tilgang på arbeidskraft, samferdsel, kraft og energi, sjømat, maritim næring og gode vilkår for små og mellomstore bedrifter vil vere naturlege saker for forumet å følgje opp i dialog med næringslivet.

Vestland Høgre sitt Næringsforum oppmodar no bedrifter, næringsorganisasjonar og andre næringsaktørar om å ta kontakt med innspel og synspunkt.

– Vi ønskjer å vere tilgjengelege og ha låg terskel for kontakt. Gode innspel frå næringslivet er avgjerande for å kunne fremje politikk som styrkjer konkurransekrafta og verdiskapinga i Vestland, seier Taranger.

Det første møtet denne hausten markerer starten på arbeidet i den nye perioden, med mål om å vere ei tydeleg stemme for eit sterkt og framtidsretta næringsliv i Vestland.

Har du innspel eller spørsmål til forumet kan du ta kontakt på vestland@hoyre.no

Muligheter for alle

Høyres visjon for Norge er et samfunn med muligheter for alle