Regjeringen leverer – en historisk utflytting av statlige arbeidsplasser til Arendal!
nn Arendal får både et divisjonshovedkontor for trafikant og kjøretøy og regionkontor for veg og transport. En historisk utflytting av statlige arbeidsplasser og mange nye kompetansearbeidsplasser til Arendal!
n Eit desentralisert Statens vegvesen for framtida!
nStatens vegvesen gjennomgår store endringar for å tilpasse seg framtidas arbeidsoppgåver. Dagens regioninndeling vert bytta ut med divisjonar med ansvar for ulike fagfelt. No har vi avgjort kvar hovudkontora for dei nye fagdivisjonane skal ligge. Vi følger Statens vegvesens eige forslag om lokalisering i Arendal, Bergen, Tromsø, Trondheim, Drammen og Moss. Med dette gjennomfører vi ei av dei største utflyttingane av statlege arbeidsplassar frå Oslo på mange år, og sørger med det for at Statens vegvesen er til stades i heile landet.
nStatens vegvesen har lagt retningslinjene for statlege arbeidsplassar til grunn for arbeidet med lokaliseringa av divisjonskontora.
nDen største endringa kjem i Oslo, der talet på tilsette i Vegdirektoratet, øvste nivå i Statens vegvesen, vil reduserast betydeleg. Av dei tilsette i divisjonane er det berre dei som har oppgåver med stadleg binding til Oslo som vert lokalisert i hovudstaden.
nVidare vert det regionale leddet av dei to divisjonane Veg og Transport og samfunn lokalisert der dagens regionvegkontor er plassert: Leikanger, Bodø, Molde, Lillehammer og Arendal. Dette leddet vil sørge for god samhandling mellom lokale og regionale aktørar og styresmakter på ein god måte.
nVi sørger med dette for at Statens vegvesen framleis er på plass i heile landet. Vi bygger òg vidare på eksisterande fagmiljø. Med ein samferdselssektor i enorm utvikling og eit mål om mest mogleg igjen for pengane, er vi avhengige av at «det nye Statens vegvesen» fortsatt er i stand til å levere god og effektiv vegbygging.
nStatens vegvesen står i fleire store endringar samstundes. Administrasjonen av fylkesvegane og tilsette skal overførast til fylka. Det er kartlagt at Statens vegvesen har brukt om lag 1850 årsverk på å forvalte fylkesvegane på vegne av fylka. Denne overføringa skal vere på plass innan 1. januar 2020.n
n
Vegvesenet jobbar òg med ny struktur på trafikant- og køyretøyområde, der dei foreslår å redusere talet på trafikkstasjonar. For å kunne oppretthalde eit godt tilbod i heile landet treng regjeringa fleire konkrete forslag for korleis innbyggarane skal få eit best mogleg tilbod. Difor har samferdselsministeren bede Statens vegvesen om ytterligare vurderingar av avbøtande tiltak der ny struktur gir lengre reiseveg for publikum. I tillegg kjem denne omorganiseringa.
nEndringane har mykje å bety for mange menneskje. Eg er særs imponert over måten dei tilsette og leiinga har takla desse prosessane. Eg trur og håpar alle kjem styrka ut av desse endringane og vil vere stolt av sin arbeidsplass og i åra som kjem.
nn
n
Fordeling av kontora
nDei nye divisjonshovudkontora er fordelt slik på dei ulike stadene:
nTromsø – Divisjon vegn
Trondheim – Divisjon transport og samfunnn
Bergen – Divisjon utbyggingn
Arendal – Divisjon trafikant- og køyretøyn
Drammen – Divisjon ITn
Moss – Divisjon fellesfunksjonar
Det regionale leddet av dei to divisjonane Veg og Transport og samfunn vert lokalisert der dagens regionvegkontor er plassert: Leikanger, Bodø, Molde, Lillehammer og Arendal. Dette leddet vil sørge for god samhandling mellom lokale og regionale aktørar og styresmakter på ein god måte.
nHele omstillinga skal i utgangspunktet vere gjennomført innan utgangen av 2022.
nn
n
n
n
n
n