Eg ønskjer å bidra i Høgres lokalvalkamp

Austevoll Høgre treng engasjerte folk som har lyst å hjelpe til i valkampen.

Nokre kandidatar

Bli valkampmedarbeidar

Fram mot valdagen skal Austevoll Høgre møte veljarar, få innspel til god politikk og gjennomføre mange valkamparrangement.

Har du lyst å bidra i lokalvalkampen så meld deg gjerne inn i Austevoll Høgre eller ta kontakt med nokon av oss i styret.

Eg vil melde meg inn

Kontaktinformasjon til styret i Austevoll Høgre

Støtt oss økonomisk

Kvart fjerde år er det kommuneval og lokal valkamp. Dette er ei demokratisk høgtid for lokalpartia og ikkje minst for oss i Austevoll Høgre.

Som i høgtider elles er også lokalvalkampen prega av eit litt høgare forbruk enn i kvardagen. I Austevoll Høgre bruker me pengar på standsutstyr og t-skjorter, brosjyrar og annonsering, skoleringar og samlingar.

Dersom du har lyst å bidra med ei lita økonomisk gåve til Austevoll Høgre, så set me også stor pris på det.

Betalingsinformasjon:

  • Bankkonto Austevoll Høgre 6518.06.30184
  • Vipps Austevoll Høgre nummer #135067

Reglar om partistøtte:

Inntekter og gåver til til Austevoll Høgre blir handtert i tråd med partilova. Dei årlege inntektene til Austevoll Høgre blir rapportert til Kommunal- og distriktsdepartementet. Dette gjeld ikkje berre private gåver, men også alle andre inntekter som medlemskontingent og kommunal og statleg partistøtte.

Er bidrag frå éin privat givar 12.000 kroner eller meir i løpet av eitt år, vil namnet på givaren bli identifisert i rapporteringa, jf. partilova § 20.

Bidrag under 12.000 kroner blir ikkje offentleggjort, men Austevoll Høgre skal likevel kjenne identiteten til givar.

Bidrag gir verken politisk eller organisatorisk innflytelse.

Les meir på departementets nettstad om partifinansiering.