Det nye Vestland fylke

Resolusjonen «Det nye Vestland fylke» ble vedtatt på Vestland Høgres fylkesstyremøte 3. november 2019.

Det Nye Vestland fylke

Vedteke av fylkesstyret iVestland Høgre søndag 3. november 2019.

Vestlandfylke har eit sterkt næringsliv, sterke kompetansemiljø og levande ogvekstkraftige lokalsamfunn. Det er stort potensiale til vidare vekst, tufta pånaturressursar, kompetanse, grøn og smart teknologi, og på vilje og evne tilomstilling og innovasjon.

NyeVestland fylkeskommune skal vere betre tilpassa dei utfordringane vi somsamfunn står føre, og leggje til rette for ei styrking av rolla somsamfunnsutviklar. Høg arbeidsinnsats og produktivitet er grunnlaget for aukaverdiskaping i heile fylket – noko som sikrar eit godt nivå på velferd medstore skatteinntekter frå Vestlandet.

Fylkeskommunenskal framleis ha dei oppgåvene ein har i dag: vidaregående skular, regionalutvikling og planlegging, kultur, samferdsle, tannhelseteneste ogfolkehelsearbeid. I tillegg må ein få fleire nye oppgåver som skal utvide ogutfylle fagområda der fylkeskommunane allereie i dag har eit ansvar. Målet tilVestland Høgre er å gjere regionen Vestland betre i stand til å utnytte deikonkurransefortrinna vi har. Olje og gass, havbruk, fiskeri og matproduksjon,teknologi og turisme – eller nye energikjelder er alle døme på arbeidsområdeder vi har vist vår styrke. Vestlendingen har generelt god omstillingsevne. Vivil bidra til at næringslivet på Vestlandet står godt rusta til å møteinternasjonal konkurranse.

VestlandHøgre er kritisk til innføring av statlege kvotar innan fiskeria, som fører tilat staten blir eigar av delar av kvotene. Lovframlegget som er sendt på høyringskaper uvisse hjå fiskarane og bør bli stramma inn, slik at det gjevføreseielege og trygge rammer for næringa. På Vestlandet er pelagisk fiskeri avstor verdi, og dette bør få ein større plass i handsaminga av meldinga.

Vestland Høgre ønskjer at regjeringaskal:

  • På ein tydelegare måte avgrenseplanleggingsansvaret mellom det regionale og det lokale nivået, samordne ogtydeleggjere statlege føringar og regelverk. Det må ikkje vere tvil om at deter kommunen som lager kommunale planer. Fylkeskommunen er rådgjevar.
  • Arbeide for at dei kommunane som har slåttseg saman skal få tilført nye oppgåver, samt styrke og vidareføre dei funksjonanedei har i dag.
  • Oppfylle lovnaden om at samanslåtte kommunar ikkjeskal tape økonomisk på det.
  • Syte for at Kystsoneplanen for Sunnhordlandikkje blir vedteke, men at den blir sendt i retur som ei tilråding, utan at dengjev motsegnsrett for fylkesmannen og fylkeskommunen.
  • Fremme lovendringsframlegg som reduserarfylkesmannen- og fylkeskommunen sitt høve til motsegn mot kommunale vedtak ogplanar.
  • Forenkle planhandsaming gjennom å harmonisereplan- og bygningslova og sektorlovar.
  • Syte for at den foreslåtte marine verneplanenfor Korsfjorden og ytre Hardangerfjord ikkje blir vedteken slik han ligg føre,men vektlegg kommunane sine innspel frå høyringa.
  • Syte for at nasjonale kulturinstitusjonarframleis skal bli sikra finansiering gjennom midlar direkte frå staten.
  • Fleire statlege institusjonar bli lokaliserttil fylket.
  • Eit skatte- og avgiftssystem som fremmarberekraftig vekst.
  • Sikre reell vedtaksmynde ved revidering avstatlege planretningslinjer for strandsona til kommunane.
  • Det er kommunane sjølve som best kan sette avareal til rekreasjon og vern av kulturlandskap.
  • Sikre vidareutvikling av havbruksnæringa,mellom anna gjennom betre og lettare tilrettelegging av fleire lokasjoner forhavbruk – både på land og i sjø. Kommunar med utdaterte kommuneplanar må blifølgd betre opp.
  • Bidratil kompetanseutvikling med framtidsretta utdanningstilbod både før og etter atein går inn i arbeidslivet.
  • Bidratil grøn omstilling, med vidare elektrifisering av transport og industri.
  • Syte for lokal forvaltning av landbasertvind- og vasskraft.
  • Fjerne formueskatten for sikre lokaleigarskap ved å styrke konkurranseevna til næringslivet.
  • Realiserer CO2-lagringsanlegg.
  • Syte for at handlingsplanen for grøntskipsfartsprogram blir følgd opp gjennom midlar i Statsbudsjettet slik atverftsindustrien kan halde på den unike kompetansen som no er i ferd med åbygge seg opp på området.
  • Syte for at Vestland fylke gjennom endring ikraftbeskatninga kan auke produksjon av grøn energi. Dette skal ikkje gå påkostnad av vertskommunane sine inntekter og konsesjonar.
  • Vestland Høgre vil ha sterkare representasjonav fagfolk frå Vestland til statlege utgreiingar, slik at desse får ei breiarefagleg plattform.
  • Sikre at behandlinga av kvotemeldinga gjevfiskarane og sjømatindustrien trykkleik og føreseielege rammer.
  • Vestland Høgre er sterk kristisk tilkonklusjonane sett fram i rapporten frå kraftskatteutvalget. Vestland Høgre berom at ein no lyttar til det ein samla bransje, vertskommunar og eigarkommunar -saman peiker på vil vere den optimale løysinga for å sikre oppgradering av vårekraftverk og produksjon av meir grøn energi.
  • Det må bli lagt til rette for skatteincentivbåde for småkraft og regulerbar kraft. Slike omleggingar må ikkje gå på kostnadfor inntekter og konsesjonar som rettmessig tilfell vertskommunane.
  • Vestland Høgre seier nei tilgrunnrentebeskatning på fiskeri- og oppdrettsnæringa.

Infrastruktur

For Vestland fylke er godetransportløysingar avgjerende for vidare vekst og utvikling. Risiko for ras,flom og stengde vegar gjev stor uro for mange i regionen. Globale endringar innan klima gjer at staten må ta eit større ansvar for konsekvensene av auka ras- og flomskader.

Gode jernbane- ogkollektivtransportløysingar er viktig for både byar og distrikta. Samstundes mådet bli lagt til rette for meir effektive båt- og ferjetilbod. Kostnaden meddet grøne skiftet må i større grad bli kompensert for å realisere regjeringa sine eigne mål om ein utsleppsfri kollektivtransport til sjøs – utan at rutetilbodet til dei reisande blir redusert.

VestlandHøgre ønskjer at regjeringa skal:

  • Syte for at kommande Nasjonal Transportplan (NTP)har ei satsing på fylkeskommunale veger med høg andel tungtransport som genererer eksportverdi. Vi treng fleire “laksevegar langs kysten”.
  • Sikre at ferjeavløysingsprosjekt blirrealisert gjennom å følge opp Stortinget sin merknad om at bompengar skal kunne bli nytta slik ein gjer i andre prosjekt, og med det kunne bli nytta til å betale fylkeskommunale renter i samband med fylkeskommunale lån for prosjekta.
  • Sikre at Vestland fylkeskommune kan bygge uteit samanhengande stamvegnett i heile fylket, og auke sikringstiltak innan spesielt flom- og rassikring.
  • Sikredigital infrastruktur som knyter fylket betre saman og gjev alle delar avfylket eit godt tilbod med mellom anna fullt utbygd breiband.
  • Stad skipstunnell må blirealisert i tråd med Nasjonal Transportplan (NTP).