Fylkestinget i juni

Frå 18. til 19. juni vart det halde fylkesting i Ulvik. Våre 15 representantar var sjølvsagt til stades, og deltok svært aktivt i debatten. Høgre kom med ei rekkje forslag, både i form av interpellasjonar og spørsmål, og her er ei oppsummering frå gruppeleiar Silja Ekeland Bjørkly.

Vestland Høgres fylkestingsgruppe. F.v: Ida Steinsland Lutro, John Torsvik, Lise Wergeland Strømmen, Stig Stellberg, Silvia Haugland, Dan Femoen, Beate Dybendahl Nordvik, Kristin Mjanger, Silja Ekeland Bjørkly, Noralv Distad, Hanne Husebø Kristensen, Kåre Martin Kleppe, Tora Hodneland Kildehaug, Elias Eide og Gunnar Moland.

Gruppeleiar Silja Ekeland Bjørkly var svært nøgd med innsatsen frå heile fylkestingsgruppa. Alle representantane var aktive i debatten, og ho er stolt over alle gjennomslag og forslag som kom frå representantane.

«Flertallspartia sprikjer i alle retningar og er til tider svært uansvarlege. Som største parti skal Høgre både vere konstruktive i diskusjonane, men òg vise seg som ein tydeleg opposisjon til flertallet,» seier gruppeleiaren.

Ho er svært nøgd med gjennomslaga vi har fått, men er òg skuffa over mange av flertallspartia i dette fylkestinget.

«Både Venstre og Senterpartiet stemmer tydeleg imot det dei eigentleg meiner. Det er heilt innanfor at flertallet styrer på ein politisk plattform, men då er det viktig at veljarane får sjå alt dei går glipp av når Høgre ikkje sit med makta. Venstre vel å ikkje utrede reklameinntekter på kollektivtransport for å skaffe ekstra inntekter. Senterpartiet vil ikkje følgje sin eigen regjering ved å kartlegge og utrede kraftprosjekt som kan førebygge og redusere flaumskader,» seier Silja.

Til slutt ser Silja fram til fortsettelsen og lovar at Høgre skal halde fram med å fremje god Høgre-politikk.