Om ein berre skulle ønska seg ein ting
Politikk handlar om prioriteringar. Høgre si prioritering ville vore å gitt alle betre råd.
Erna Solberg (partileiar i Høgre) og Olve Grotle (stortingsrepresentant og toppkandidat for Høgre i Sogn og Fjordane)
Vi går inn i 2025 etter det som nok ein gong har vore eit litt turbulent år.
Dei siste åra har folk flest i Noreg opplevd å få dårlegare råd, særleg grunna høgare renter og høg inflasjon. Både Støre og Vedum har gjentatt og gjentatt at «no er vendepunktet snart her». Vi håpar dei snart får rett.
Fleire melder at dei første rentekutta kjem i mars neste år. Det er på tide, og uavhengig om ein bur i Sogndal, Stryn, Førde eller Florø er renta noko av det viktigaste for kvardagsøkonomien.
Gjennom heile 2024 har land etter land i Europa og Vesten kutta rentene. Sverige har gått frå 4 til 2,75 prosent og Danmark frå 3,6 til 2,6 prosent. Noreg har stått bom fast på 4,5 prosent i over eit år.
Sidan hausten 2021 har ein vanleg barnefamilie fått om lag 9000 kroner i auka månadlege kostnader grunna inflasjon og renter. Bunken med rekningar veks og nødvendige innkjøp må utsettast. Fleire enn før ligg vakne om natta og tenkjer på korleis dei skal få endane til å møtast.
Berre for ein månad sidan kom UNICEF med ei ny undersøking som viser at om lag ein av fem unge opplever at familien deira har dårleg råd. Det som er nytt er at to av fem av desse kjem frå familiar som ein typisk vil rekne for økonomisk trygge, altså at dei eiger bustaden dei bur i eller at begge foreldra er i jobb.
Dette syner tydeleg at vi må gjere meir. Politikarane må trå til for at folk skal få betre råd. Det er årsaka til at betre privatøkonomi for folk var prioritet nummer éin då Høgre la fram sitt alternative budsjett for 2025 – altså korleis vi ville prioritert pengane neste år om vi hadde fleirtal på Stortinget.
Det viktigaste, i den situasjonen vi står i, er å syte for at alle får behalde meir av sine eigne pengar. Venstresida er mest opptatt av å samle inn meir frå alle for å spreie det tynt ut over enkelte grupper. Det kan vere fint det, men her skil altså Høgre og Støre-regjeringa lag. Vi trur folk sjølv veit best kor skoen trykkjer, og at dei beste til å prioritere pengane er kvar enkelt person eller familie.
Derfor foreslo Høgre å bruke over ni milliardar kroner neste år på skattelette, og prioriterte dei med låge og moderate inntekter. Skatteletta ville vore størst for dei med inntekt mellom 100.000 og 200.000, som ville fått 4000 ekstra å rutte med om Høgre styrte. Dei med inntekter mellom 450.000 og 800.000 ville fått 3200 kroner ekstra. Det er åtte gongar meir i skattelette enn det Støre-regjeringa går inn for.
Vil sikre at velferdstenestene treff betre
For dei fleste utgjer 3200 kroner eller meir ein heil del. Det kan vere det som gjer om ein kan betale dei rekningane som ligg og ventar, eller om ein må betale med kreditt eller la dei gå til inkasso. Særleg viktig er kanskje skatteletta for pensjonistar og einslege, dei som til kvardags kjenner det økte prisnivået hardast på kroppen.
I tillegg til å la folk behalde meir av sine eigne pengar, bør vi også prioritere velferdsordningane slik at dei hjelp dei som treng det mest. Heller enn å senke barnehageprisane for alle, foreslår vi å gje fleire med låge inntekter tilgang til gratis kjernetid i barnehagen, auke barnetrygda for alle og gje borna født i desember rett på barnehageplass etter eit år. Noko av det verste for familieøkonomien er om ein forelder må ta ut permisjon utan lønn fordi ein ikkje får barnehageplass.
På den måten sikrar vi at velferdstenestene treff betre, at vi støttar dei som treng det mest, og at barnefamiliane får auka moglegheit til å bestemme sjølv korleis dei vil bruke pengane.
Politikk handlar om prioriteringar, og inn i 2025 er folk sin privatøkonomi ein av Høgre sine fremste prioriteringar. Alle skal få behalde meir av sine eigne pengar, og velferdstenester skal prioriterast for dei som treng det mest.
Neste gong vi går inn eit nytt år håpar vi difor at vi gjer det med ei ny, handlekraftig og Høgre-leia regjering.