Høgre kjempa for meir valfridom i skulen, men vart røysta ned av posisjonen

Vestland Høgre har dei siste to dagane jobba for betre tannhelsetilbod i heile fylket, sikre meir valfridom i skulen og få fleire yrkesfagplassar i Bergen.

Fleire i fylkestingsgruppa har halde engasjerande innlegg i løpet av dei siste to dagane. Avbilda er Hanne Eva Kristensen, Jana Midelfart Hoff, Gunnar Moland og Silja Ekeland Bjørkly.

Dei to siste dagane har Vestland Høgre si fylkestingsgruppe vore samla på Flesland for å delta på eit digitalt fylkesting. I løpet av dei to dagane har Høgre sine fylkestingsrepresentantar delteke i fleire viktige debattar. Mellom anna har vi foreslått:

  • Å sikre god fordeling av tannleger og tannhelsespesialistar i heile fylket vårt. Posisjonen stemte imot.
  • Seie ja til alternative skulenamn på dei vidaregåande skulane i heile fylket, slik Bergen har i dag. Posisjonen stemte imot.
  • Seie ja til ein ny friskule for yrkesfag i Bergen, som ville ha gjeve elevane meir valfridom. Posisjonen stemte imot.
Høgre

Seier ja til friskule for yrkesfag, for å sikre fleire yrkesfagplassar og gje mer valfridom til elevane

posisjonen

Seier nei til ein ny yrkesfagskule, berre fordi det er ein friskule, og ikke ein offentleg skule.

Det verkar som om posisjonen har ideologiske skylappar i denne saka. Dei lyttar ikkje til elevane, når dei seier nei til fleire yrkesfagplassar og nei til meir valgfridom. Det kan ikkje vi i Høgre akseptere.

Silja Ekeland Bjørkly, gruppeleiar i Vestland Høgre si fylkestingsgruppe

I tillegg til desse sakene har fylkestinget handsama fleire saker der det var semje om viktige vedtak og løyvingar:

Dette er nokre av vedtaka Høgre var med på:

  • 32,9 millionar kroner til strakstiltak for betre psykisk helse for elevar på vidaregåande skule
  • Over 30 millionar kroner til næringsutvikling
  • 25 millionar til kultur, idrett og integrering
  • Løyvingar til Guttas Campus, ny kollektivterminal i Odda, pengar til Vitensentera og støtte til Springbrett for Ungdom.

Har du innspel til kva Vestland Høgre bør meine, eller framlegg til saker vi bør ta opp? Send ein e-post med innspel til siljoh@hoyre.no.