Fleire viktige vedtak for folkehelsa til innbyggjarane i Vestland
Fylkeskommunen gjorde vedtak om å endre samarbeidsstrukturen knytta til folkehelsearbeidet. Den nye strukturen vil framleis ha same føremål; å styrke samhandling og samordning for folkehelsearbeidet i Vestland.
Planen er at den nye organiseringa inngår i den nye utviklingsplanen for Vestland.
Høgre føreslo eit tilleggsvedtak for å fokusere tilstrekkeleg på viktige prioriterte tiltak i overgangsperioden til den nye fylkesplanen føreligg. Tiltaka er baserte på situasjonsbeskrivingar som utvalet har registrert i dialog med frivillige aktørar innan både skulesektoren, idretten og folkehelsearbeidet:
- Prioritert plan for psykisk helse i grunnskule og vidaregåande skule.
- Aktiv heile livet – tiltaksprogram for seniorgrupper og eldre.
- Styrke tiltaka for frivillig sektor innan folkehelsearbeidet.
Vidare fordelte utvalet over 250 millionar kroner i spelemidlar til idrettsanlegg i fylket. Sjølv med denne storleiken på tilskot som vert tildelt over statsbudsjettet, er det framleis minst tre års ventetid på spelemidlar til ordinære anlegg.
Fylkeskommunen vil jobbe vidare mot departement og storting for å få auka både rammene og finne løysingar som gjer at ventetida på tilskot til idrettsanlegga vert korta ytterlegare ned.