Høgre ynskjer auka internasjonalt engasjement
Vestland har mange gode samarbeidsprosjekt, særleg med EU. Vestland må ha som ambisjon å dra auka nytte av dette og samtidig få større innverknad på politikk- og regelutforming.
Vestland har mange eksportretta bedrifter, regionale samarbeidsprosjekt på tvers av landegrensene, forskingssamarbeid og prosjekt med internasjonal finansiering.
EØS avtalen sikrar viktige interesser for Vestland, ikkje minst marknadstilgang. Men det er og utfordrande med tanke på behovet for å påverka regel- og politikkutforming i EU.
Internasjonalt samarbeid er viktig for Vestland på fleire dagsaktuelle område:
- Det er krevjande å løfta fram og finansiera større regionale forskingsprosjekt. Internasjonal finansiering er ei stor mulegheit.
- Grøn verdiskaping krev energi, men og regelverk som sikrar rask og effektiv handsaming. EU-rett og EU-strategiar står også her sentralt.
- Teknologi og Kunstig intelligens utfordrar oss både med omsyn til aktiv bruk og regulering. Gode løysingar er avhengig av kunnskap og samarbeid på tvers av regionar og landegrenser.
Vestland har mange gode samarbeidsprosjekt, særleg med EU. Vestland må ha som ambisjon å dra auka nytte av dette og samtidig få større innverknad på politikk- og regelutforming.