Skuffande kraftsatsing i Vestland frå venstresida
Vestland treng meir kraft. Samstundes vil ikkje posisjonen i fylket prioritere utbygging dei neste fire åra. Det får fylkespolitikar Elias Eide til å reagere.
–Nei til verna vassdrag, nei til all vindkraft og ingenting om nye konkrete vassdragsprosjekt. Kraftkapittelet i plattforma til Ap, Sp og resten av posisjonen er ein skandale, og det er berre skuffande at dei ikkje følgjer opp det dei har sagt tidlegare, seier fylkestingsrepresentant Elias Eide.
I den politiske plattforma til Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre, Krf, MDG og SV står det fleire stader at ein ynskjer å auka kraftproduksjonen, men det manglar konkrete forslag til å gjere nettopp dette.
–Det mest konkrete posisjonen har i plattforma er at dei skal ha sensorstyrte LED-lys i offentlege bygningar. Det er flautt at det er det einaste forslaget dei har til å skaffe meir fornybar energi dei neste fire åra, fortset Eide.
Han held fram med å trekke fram at ny kraftutbygging også skapar moglegheiter til ny industri og nye arbeidsplassar. Høgre meiner bør seie ja til å vurdere fleire verna vassdrag i Vestland, vere positive til vindkraftprosjekt der det er lokal forankring og auke investeringar i solcellepanel i fylket. Det held ikkje med ENØK-tiltak, vi må ha meir fornybar kraft og.
I programet til Høgre skriv dei følgjande om kraft og ny fornybar energi:
- Skaffe meir fornybar energi frå eksisterande og nye anlegg for å møta auka behov.
- Støtte nye vasskraftprosjekt, inkludert i verna vassdrag og i kombinasjon med flaumdemping. Ingen verna vassdrag bør vere varig friteken ny gjennomgang.
- Ha sterk satsing på vasskraft, solkraft og havvind, med opning for vind på land der det har lokal forankring.
- Ha ei berekraftig olje- og gassnæring.
- Ha snarleg utbygging av infrastruktur for å dekkja det stadig aukande behovet for kraft.
- Jobbe for at NVE får auka kapasitet til raskare å behandle konsesjonssøknader som gjeld auka produksjon.
- At Vestland skal bli verdsleiande på ny fornybar energiteknologi, og leggje til rette for eksport av teknologien.
- Investere i solcellepanela på alle eksisterande og nye fylkeskommunale bygg
- Jobbe for å utjamne flaskehalsar på straumnettet.
- Energi-, klima og anna nytteverdi skal vurderast opp mot miljøverdi i behandling av vilkårsrevisjonar for vasskraft.
- Aktivt bruke norsk olje- og gasskompetanse til å utvikla ny grøn teknologi og nye grøne næringar.
- Vil vere positive til initiativ for å utvikla teknologi og produksjon av bølgjekraft.
- Leggje til rette for berekraftig produksjon av biogass, ammoniakk og hydrogen.
- Jobbe for at Vestland skal bli eit føregangsfylke for satsinga på off-shore vindkraft i Noreg.
- Utgreie kva forutsetningar og behov Vestland har for kjernekraft.