– Bedriftene i Vestland manglar kraft, og posisjonen gjer det unødvendig vanskeleg å byggje ny grøn kraft.
– Grøn Region Vestland legg vekt på eitt stort behov: Mangelen på kraft. Det er derfor urovekkjande at posisjonen legg for mange hindringar i utbygginga av ny, grøn kraft i fylket, seier gruppeleiar Silja Ekeland Bjørkly.
Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg på vegner av Næringsforum Vestland. Målet er å skape samarbeid mellom ulike offentlege og private aktørar for å sikre at arbeidet med grøn omstilling i Vestland kan skje både raskare, betre og enklare.
I plattforma er koalisjonen heilt tydelege: «Samarbeidspartia vil vidareutvikle og forsterke Grøn region Vestland for å sikre at grøn omstilling skjer både raskare, betre og enklare. Samarbeidet med industrien og næringslivet er avgjerande for å lukkast. Å sikre nettilgang og nok kraft til verksemdene sitt omstillingsarbeid vil vere påkravd i det vidare arbeidet».
Samtidig vil samarbeidspartia ikkje tillate utbygging av kraftverk, herunder småkraftverk, i verna vassdrag, dei vil vege naturmangfald og miljøvern høgt i saker om vasskraftutbygging og ikkje ha utbygging av vindkraft i urørt natur eller på kostnad av viktige verdiar knytt til natur, landskap, friluftsliv, kulturminne, kulturmiljø og reiseliv, og som er i strid med kommunestyrevedtak.
– Vi har i oppdrag å handtere ansvarsområdet vårt, nemleg bedriftene i Vestland. Når Grøn Region Vestland er så ambisiøse, er det håplaust at posisjonen vil vere så restriktive med kraftutbygginga. Det er svært bekymringsverdig, seier Silja Ekeland Bjørkly.
Framover vil Høgre jobbe for å byggje ut kraftproduksjonen i Vestland, slik at bedriftene får rikeleg tilgang til fornybar kraft.
Høgre vil jobbe for:
- Skaffe meir fornybar energi frå eksisterande og nye anlegg for å møte auka behov.
- Støtte nye vasskraftprosjekt, inkludert i verna vassdrag og i kombinasjon med flaumdemping. Ingen verna vassdrag bør vere varig friteke ny gjennomgang.
- Ha sterk satsing på vasskraft, solkraft og havvind, med opning for vind på land der det har lokal forankring.
- At vertskommunar skal ha sin rettmessige del av verdiskapinga – både knytt til vasskraft og vindkraft.
- Ha snarleg utbygging av infrastruktur for å dekkje det stadig aukande behovet for kraft.
- Jobbe for at NVE får auka kapasitet til raskare å behandle konsesjonssøknader som gjeld auka produksjon.
- Jobbe for å jamne ut flaskehalsar på straumnettet.
- Energi-, klima og annan nytteverdi skal vurderast opp mot miljøverdi i behandling av vilkårsrevisjonar for vasskraft.
Les heile programmet vårt her.