Dette har vi gjort i Hordaland
Breiband til fleire i Vestland med Høgre
I Hordaland har dekninga av breiband auka frå 55 prosent i 2013 til 91 prosent i 2020.
Høgre bidro til å bygge kunnskapsregionen Vestland
Det er blitt fleire studieplassar ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. Samtidig har vi auka tal på studieplassar ved fagskulane.
Historisk veisatsing
Med Høyre i regjering har vi fått støtte til ny E16 og bane Arna-Stanghelle, E39 Vågsbotn-Klauvaneset, nytt sotrasamband og Hordfast
Fleire politifolk som gir meir tryggleik i kvardagen
Sidan Høgre kom i regjering, har vi fått 170 nye politifolk i Vest politidistrikt og politiet har fått pengar til nye bilar, nytt teknisk utstyr, meir trening og nye digitale system.
Elektrifisering av Bergen
Høgre i regjering sørga for at Bergen Havn fekk 50 millionar kroner for å bygge ut landstraum ved cruisekaiene på Skolten og Bontelabo.
Eit sterkt forsvar i Vestland er viktig for eit trygt Norge
Med Høgre i regjering blei det gjort investeringar for nærare 3,5 milliardar kroner på Haakonsvern. Investeringane går til nye vedlikehaldsfasilitet for dei nye ubåtane med tilhøyrande kaianlegg, og oppgradering av ei eksisterande kai.
Ny flyterminal på Flesland
Høgre har sikra bygging av den nye flyterminalen på Flesland.
Enorm satsing på CO2-lagring
Høgre i regjering har starta behandlinga av utbyggingsplanen for CO2-lagringsprosjektet Northern Lights. Northern Lights skal ta imot CO2 på skip ved eit mottaksanlegg på land i Øygarden kommune.
Marin klynge i Bergen sikrar kunnskap og byutvikling
På Høgres vakt blei det maritime forskingsmiljøet i Bergen samlokalisert til Dokken i samband med Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet sine nye bygg i Bergen. Det styrkar både forskingsmiljøet og byutviklinga.
Grønt fergetilbud
Høyre-regjeringen bevilget 200 millioner kroner mer til elektrifisering av fergene. Det er et viktig bidrag for å redusere klimagassutslippene i fylket.
Foto: Torghatten Nord