Dette har vi gjort i Møre og Romsdal
Raskare fram og tryggare heim
Høgre i regjering bygde saman fylket med ferjefri E39 og bygger ut eksportvegen E136, som går frå Ålesund gjennom Romsdalen til Dombås. Dessutan har ferjetilbodet i fylket auka, prisane er redusert og vi legg til rette for ei tilskotsordning for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.
Eit grønare transportfylke
Gjennom Enova blei det med Høgre i regjering gitt støtte til hydrogenproduksjon på Hellesylt til bruk på utsleppsfri transport i verdsarvområdet Geiranger.
Nytt eldreombod i Ålesund
For Høgre er det viktig med eit aldersvenleg samfunn. Derfor etablerte Høgre i regjering Norges første ombod for eldre i Ålesund.
Fleire politifolk som gir tryggleik i kvardagen
Sidan Høgre kom i regjering, har Møre og Romsdal fått 115 nye stillingar i politiet. Det gjer at politiet er meir til stades og aukar tryggleiken i befolkninga.
Styrka oppdrettsnæring i Møre og Romsdal
Med Høgre i regjering fekk Møre og Romsdal i 2018 utbetalt til saman 228 millionar frå Havbruksfondet.
Norges første marine Vitensenter – Atlanterhavsparken
Ålesund fekk med Høgre i regjering Norges første marine vitensenter, Atlanterhavsparken Ålesund Akvarium.
Fleire statlege arbeidsplassar
Kristiansund fekk med Høgre 70 nye statlege arbeidsplassar ved nyetablering av Politiets løns- og regnskapssenter.
Nytt, moderne og felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal
Høgre vil at innbyggjarane i Møre og Romsdal skal få betre helsehjelp når dei treng det. Derfor har Høgre i regjering bestemt at det skal byggast nytt, felles sykehus på Hjelset i Molde.
Norges første klynger på internasjonalt toppnivå
Norges første klynger på internasjonalt toppnivå er den maritime klynga Blue Maritime. Høgre i regjering auka satsinga på klyngeprogrammet som ein viktig del av innovasjons- og næringspolitikken.
Nytt opera- og kulturhus i Kristiansund
Høgre i regjering stilte opp med 150 millionar kronar til nytt opera- og kulturhus i Kristiansund.