Stabile medlemstal i Høgre

Ved inngangen til 2020 har Høgre 29.690 medlemer. Det er ein nedgang på 343 medlemer frå året før. Hovudårsaka er naturleg fråfall, men fleire regionar har vekst i medlemstala.

–Etter ein nedgang i medlemstallet fram til 2016, har me ligge stabilt på rundt 30.000 dei siste tre åra. Nå er målet å vokse i tida som kjem, seier generalsekretær John-Ragnar Aarset

–Hovudårsaka til nedgangen er naturleg fråfall, men nå er målet å vokse i tida som kjem, seier generalsekretær John-Ragnar Aarset.

Etter ein nedgang i medlemstalet fram til 2016, har medlemstalet til Høgre ligge stabilt på rundt 30.000 dei siste tre åra.

Det er omtrent fem prosents medlemsvekst langs heile kysten frå Møre og Romsdal og nordover, heilt stabile tal i Vestland og noko synkande langs kysten sørover og i Innlandet.

–Sjølv om lokalvalet sist haust ikkje gikk så godt som me håpa, opplever vi no ei voksande positiv stemning rundt partiet. Det er all grunn til å tru at 2020 skal bli eit godt år for Høgre sine ulike foreiningar, held Aarset fram.

Som medlem i Høgre medverkar du til eit samfunn med moglegheiter for alle. Uansett om du ønsker å vere aktiv eller ikkje, er medlemskapen din viktig for Høgre der du bur.

Vil du òg vere med på laget til Erna? Meld deg inn her: hoyre.no/blimedlem