Høgre lyttar – sikrar folk 98 oktan

Etter massivt engasjement frå folk over heile landet, krev Høgre at folk skal få tilgang på drivstoff dei faktisk kan bruka – utan risiko for motorhavari.

Ove Trellevik
Ove Trellevik, stortingsreprensentant for Høgre frå Hordaland. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Spørsmålet om etanolfri 98 oktan bensin har engasjert tusenvis av nordmenn – og med god grunn. Høgre fremjar no eit forslag som sikrar at 98 oktan bensin ikkje får tilsett etanol. Slik får folk med motorar som ikkje toler etanol den tryggleiken dei treng.

Saka er at norske styresmakter har innført omsetningskrav for biodrivstoff. Regjeringa ønskjer at alle drivstoff blir tilsette bioetanol, for å gjera den meir miljøvennleg. Dette blir behandla i Stortinget i desse dagar. Totalt 1822 høyringsinnspel har komme inn, mange fleireinnspel enn det normalt kjem.

Problemet er at etanol øydelegg mange eldre motorar. Det er ikkje snakk om synsing eller meiningar – det er tekniske fakta. Har du ein eldre bil eller motorsykkel, kan etanolblanda bensin rett og slett knekkja motoren din.

Høgres løysing er å gi regjeringa marsjordre: Kom tilbake med ei løysing slik at 98 oktan ikkje blir tilsette etanol. Kvifor? Fordi folk med motorar som ikkje toler etanolbensin skal sikrast tilgang på drivstoff.

Samtidig er det viktig at løysinga ikkje skapar uheldige pris- og etterspurnadsforskyvingar i drivstoffmarknaden, fordi det ikkje blir tilsett bioetanol. Intensjonen er ikkje at 98 oktan skal bli det billigaste drivstoffet – det ville undergrava heile systemet. For å vera heilt ærleg: Klimaeffekten av denne endringa er mikroskopisk. Men for tusenvis av bileigarar er dette forskjellen på ein bil som verkar og ein som ikkje gjer det.

Det er gledeleg at dette forslaget kan få brei støtte på Stortinget, med samarbeid på tvers av parti – frå MDG til Frp. Når folk engasjerer seg så sterkt, er det vårt ansvar som politikarar å lytta og finna gode løysingar.

Folk har engasjert seg massivt i denne saka fordi dei treng ei løysing som fungerer. No leverer me den løysinga – og 98 oktan til motorane som treng det!