Arkivert artikkel

Høgre skal ha ein ny generalsekretær

Etter fire år som generalsekretær for Høgre, har John-Ragnar Aarset sagt opp stillinga si. Arbeidet med å finne ein erstattar startar med ein gong.

John-Ragnar Aarset går av som Høgres generalsekretær. No søkjer partiet ein erstattar. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

I arbeidsutvalets møte fredag 29. november varsla John-Ragnar Aarset at partiet må finne ein ny generalsekretær. Aarset starta i jobben i januar 2016, og vil ved årsskiftet ha fire år og to val bak seg som partiets øvste administrative leiar.

Eg har fått vere med på to fantastiske valkampar, utviding av regjeringa i to omgangar, viktige politiske gjennomslag for at Noreg skal bli eit enda betre land å bu i, god utvikling av partiorganisasjonen og viktig arbeid med å styrke organisasjonskulturen i Høgre, seier Aarset.

Batteriet mitt er definitivt ikkje tomt, men eg erkjenner at det beste for meg sjølv og Høgre er at det kjem inn nye krefter i stillinga som generalsekretær. Vegen mot 2021 er kort. Difor bør generalen for den historiske valkampen – der Høgre vinn regjeringsmakt for ein tredje periode – få tid til å kome på plass i jobben snarast råd, held han fram.

Sentralstyret skal tilsetje ny generalsekretær

Arbeidet med å finne ein erstattar startar med ein gong, og Aarset blir verande i jobben i ein stund framover. Det er sentralstyret som gjer vedtak om å tilsetje ny generalsekretær.

Eg går ikkje frå jobben med det aller første. Eg vil stå på for fullt medan det blir jobba med å få på plass etterfølgjaren min, seier Aarset.

Solberg takkar Aarset for innsatsen

Partileiinga gjer uttrykk for at dei gjerne skulle hatt med Aarset vidare.

Eg vil takke John-Ragnar for den viktige og solide jobben han har gjort som generalsekretær for Høgre. Eg skulle gjerne hatt ham med vidare, men har respekt for valet hans, seier statsminister og partileiar Erna Solberg.