Arkivert artikkel

Medlemstal for Høgre i 2015: – Litt ned, men mykje å glede seg over!

Vi gjer opp status for talet på betalande medlemer i Høgre for 2015. Det endelege talet vart 31.385 medlemer.

2015 var eit år med lokalval. Når vi samanliknar medlemstalet med rekordvalåret 2011, er medlemstalet høgre nå. Talet på medlemer går likevel litt ned, med 1.500 personar og 4,7 %, samanlikna med 2014. Det er verdt å merke seg at fire av ti lokallag har hatt medlemsvekst i 2015.

– Etter mange fantastiske år, har vi ein liten nedgang i talet på medlemer i 2015. Med sterke partimålingar i starten av 2016 og ein aukande oppslutnad om Erna som statsminister i ei krevjande tid for landet, har vi tru på at det blir fleire medlemer utover året, seier generalsekretær i Høgre John-Ragnar Aarset.

40 prosent av alle lokallaga opplever ein vekst i medlemstalet for 2015. Fem fylke gjer det same. Vi merkar oss óg at det er ein pen vekst i talet på betalande medlemer ved inngangen på 2016. Samanlikna med januar i fjor, er det over 1.000 fleire personar som har betalt kontingenten sin i år.

– Vi skal jobbe for fleire medlemer i 2016, og skape enda fleire verkelege løysingar på verkelege problem for verkelege menneske i byar og bygder over heile Noreg. Dette skal bli verkeleg bra, seier Aarset.