Arkivert artikkel

Magasinet Muligheter julen 2016

Kjære Høgre-medlem. Det du les nå er ein «pilot» av eit nytt medlemsmagasin.

Vi i partiet sentralt vedgår at vi ikkje har vore flinke nok til å informere deg, engasjere deg og snakke med deg og alle dei andre medlemene i partiet vårt. Det vil vi gjere noko med! Denne utgåva er difor ein test på i kva grad eit medlemsmagasin kan bidra til å fortelje deg litt meir om kva som skjer i Høgre, på ein måte du finn givande.

I ei tid der mangt går veldig raskt, og kor vi møter flaum av informasjon i mange kanalar, ønsker vi å invitere deg inn på «bakrommet» i partiet. Vi vil at du skal bli betre kjent med personane, politikken og partiet du er medlem av. Enkelte avishus inviterer lesarane til det dei kallar «langlesing». Dette er vår variant.

Eg er oppteken av at du skal få noko tilbake for medlemskapet i Høgre. Regjeringsmakt og gjennomslag for våre idear og politiske løysingar, er det aller viktigaste. Men dei gode resultata må delast, slik at du kjenner til det som skjer. Først når vi lukkast med det, kan vi håpe at du og andre medlemer synes det er kjekt å vere ein glad ambassadør for Høgre i kvardag og valkamp.

Eg håper du vil gle deg over dette magasinet, og at du vil vere ærleg med oss når vi om ei lita stund kjem tilbake til deg og ber om tilbakemelding på dette magasinet: Er dette ein god idé å bygge vidare på?

Eg nyttar samstundes dette høvet til å ønske deg og dine ei riktig god jul!

John-Ragnar Aarset
Generalsekretær

Les hele magasinet her.

Eksempler på innhold

  • Verkstedministeren
  • Alltid beredt, sier Erna Solberg
  • Mulighetsordføreren i Stavanger
  • Fredsliljen fikk Lindebræke-prisen
  • Kvinner med muligheter
  • Tåkeluren
  • Gavepakkeforløpet til Bent Høie
  • Evas historie