Dette har vi gjort i Hordaland Breiband til fleire i Vestland med Høgre I Hordaland har dekninga av breiband auka frå 55 prosent i 2013 til 91 prosent i 2020. Høgre byggjer kunnskapsregionen Vestland Det er blitt fleire studieplassar ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. Samtidig har vi auka tal på studieplassar ved fagskulane. Sotra-sambandet Regjeringa har sett av midlar til ny firefelts bru med både gang- og sykkelveg. Dette er eit viktig samferdselsprosjekt, både for innbyggjarane og næringslivet. Fleire politifolk som gir meir tryggleik i kvardagen Sidan Høgre kom i regjering, har vi fått 145 nye politifolk i Vest politidistrikt og politiet har fått pengar til nye bilar, nytt teknisk utstyr, meir trening og nye digitale system. Elektrifisering av Bergen Bergen Havn får 50 millionar kroner for å bygge ut landstraum ved cruisekaiene på Skolten og Bontelabo. Eit sterkt forsvar i Vestland er viktig for eit trygt Norge Det blir gjort investeringar for nærare 3,5 milliardar kroner på Haakonsvern. Investeringane går til nye vedlikehaldsfasilitet for dei nye ubåtane med tilhøyrande kaianlegg, og oppgradering av ei eksisterande kai. Ny flyterminal på Flesland Høgre har sikra bygging av den nye flyterminalen på Flesland. Enorm satsing på CO2-lagring Høgre i regjering har starta behandlinga av utbyggingsplanen for CO2-lagringsprosjektet Northern Lights. Northern Lights skal ta imot CO2 på skip ved eit mottaksanlegg på land i Øygarden kommune. Marin klynge i Bergen sikrar kunnskap og byutvikling Det maritime forskingsmiljøet i Bergen samlokalisert til Dokken i samband med Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet sine nye bygg i Bergen. Det styrkar både forskingsmiljøet og byutviklinga. Grønt fergetilbud Regjeringen har bevilget 200 millioner kroner mer til elektrifisering av fergene. Det er ett viktig bidrag for å redusere klimagassutslippene i fylket. Foto: Torghatten Nord