Dette har vi gjort i Møre og Romsdal

Raskare fram og tryggare heim

Vi bygger saman fylket med ferjefri E39 og bygger ut eksportvegen E136, som går frå Ålesund gjennom Romsdalen til Dombås. Dessutan har ferjetilbodet i fylket auka, prisane er redusert og vi legg til rette for ei tilskotsordning for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.

Eit grønare transportfylke

Gjennom Enova blir det gitt støtte til hydrogenproduksjon på Hellesylt til bruk på utsleppsfri transport i verdsarvområdet Geiranger.

Nytt eldreombod i Ålesund

For Høgre er det viktig med eit aldersvenleg samfunn. Derfor har vi etablert Norges første ombod for eldre i Ålesund.

Fleire politifolk som gir tryggleik i kvardagen

Sidan Høgre kom i regjering, har Møre og Romsdal fått 70 nye stillingar i politiet. Det gjer at politiet er meir til stades og aukar tryggleiken i befolkninga.

To politimenn.

Styrka oppdrettsnæring i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fekk i 2018 utbetalt til saman 228 millionar frå Havbruksfondet.

Norges første marine Vitensenter – Atlanterhavsparken

Ålesund har fått Norges første marine vitensenter, Atlanterhavsparken Ålesund Akvarium.

Fleire statlege arbeidsplassar

Kristiansund har fått 70 nye statlege arbeidsplassar ved nyetablering av Politiets løns- og regnskapssenter.

Nytt, moderne og felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal

Høgre vil at innbyggjarane i Møre og Romsdal skal få betre helsehjelp når dei treng det. Derfor har regjeringa bestemt at det skal byggast nytt, felles sykehus på Hjelset i Molde.

sykepleier snakker med far og barn

Norges første klynger på internasjonalt toppnivå

Norges første klynger på internasjonalt toppnivå er den maritime klynga Blue Maritime. Den auka satsinga på klyngeprogrammet er ein viktig del av innovasjons- og næringspolitikken.

Nytt opera- og kulturhus i Kristiansund

Høgre stiller opp med 150 millionar kronar til nytt opera- og kulturhus i Kristiansund.