Eg er opptatt av at vi treng eit sterkt lokaldemokrati, der vi legg oppgåver og politiske avgjerder så nært som mogleg dei det gjeld. Oppgåver blir løyste best av dei som kjenner lokale forhold og blir mest påverka av avgjerdene som blir tatte.
Eit lønnsamt og berekraftig næringsliv
Visste du at norsk fiskeri- og sjømatnæring eksporterte for over 100 milliardar kroner i fjor? Det gjer næringa til ei av dei viktigaste næringane i heile Noreg. Havet har alltid vore grunnlaget for hovuddelen av verdiskapinga i landet vårt. Norsk skipsfart er verdsleiande, det er også havbruk og fiskeriene våre, og fornyar seg i ei meir miljøvenleg retning. Med den solide erfaringa vi har, må vi også tørre legge til rette for nye satsingar. For eksempel innan havbruk, havbunnsmineraler og nye former for energikjelder.
Fleire i arbeid
Det å ha ein jobb å gå til er utruleg viktig. I dag er det for mange som står utanfor arbeidslivet, og pandemien har gjort situasjonen deira endå vanskelegare. Vi må derfor skape fleire arbeidsplassar i tida framover, og slik sørge for at fleire blir inkluderte i arbeidslivet. Arbeid til alle må være jobb nr.1 ut av krisa.
Bli betre kjend med meg
Eg er frå Øygarden og utdanna offiser frå Sjøforsvaret, og siviløkonom frå NHH i Bergen. Eg brenn for meir lokalt sjølvstyre, og å utvikle næringane våre langs kysten. Havnasjonen Noreg må setjast på kartet, med Vestlandet i sentrum.