Endringer i mannskapet på Statsministerens kontor
Julie Brodtkorb overlet rolla som stabssjef til Lars Øy, og Sunniva Ihle Steinstad kjem inn som ny statssekretær, hos statsminister Erna Solberg
Dei fleste har truleg fått med seg at Julie Brodtkorb fekk avskil i nåde som statssekretær ved SMK i dagens statsråd. Julie har fortalt om avgjerda si til Dagbladet.
Takk for innsatsen!
Vi skjønar at dette har vore ei tung avgjerd for Julie, og vi vil sakne henne veldig i den komande valkampen. Samstundes er vi veldig takksame for den fantastisk verdifulle innsatsen ho har gjort for Erna, partiet, for det borgarlege samarbeidet og for landet gjennom mange år. Alle som har hatt gleda av å jobbe saman med Julie, har opplevd hennar fantastiske eigenskapar, energi, klokskap og omsorg. Vi ønsker henne lukke til vidare – og på gjensyn!
Ny stabssjef og ny statssekretær
Samtidig vil vi gratulere Lars Øy som tar over som stabssjef etter Julie, og Sunniva Ihle Steinstad som i dag ble utnevnt som ny statssekretær ved SMK. Med dette veit vi at landet stadig er i trygge hender, og at vi blir godt rusta for utfordringane som ligg framfor oss. Sunniva vil i stor grad få ansvar for Erna og partileiinga sine valkampretta aktivitetar, slik ho allereie har hatt frå HH/ stortingsgruppa.
Vi i den administrative leiinga jobbar nå med å gjere nokre justeringar i måten vi skal organisere staben for den foreståande valkampinnspurten, og for korleis vi skal dekke opp dei av Sunniva sine oppgåver som må løysast av andre. Dette vil vi komme tilbake til.
Du kan lesa meir om statsminister Erna Solberg på hennar blogg.
Hvis du vil være med som frivillig i Team Erna under valkampen, kan du registrera deg her i dag.