Arkivert artikkel

Høgre med 30.000 betalande medlemer

Ved inngangen til 2019 har Høgre 30.033 medlemer, ein auke på 164 medlemer frå året før.

–Det er veldig gledeleg at så mange ønsker å støtte oss ved å vere medlem i Høgre, seier generalsekretær John-Ragnar Aarset

–Det er veldig gledeleg at så mange ønsker å støtte oss ved å vere medlem i Høgre, seier generalsekretær John-Ragnar Aarset.

Me opplevde ei voksande positiv stemning rundt partiet sist haust, og håper og trur at 2019 skal bli eit nytt godt år for Høgre sine ulike foreiningar. Me skal jobbe knallhardt for at folket skal velje mange nye ordførarar og representantar frågre over heile landet ved lokalvalet til hausten, held Aarset fram.

Aarset trur òg at ei handlekraftig fleirtalsregjering, som vart ein realitet tidlegare i januar, vil gi auka støtte til Høgre.

Den første borgarlege fleirtalsregjeringa sidan 1985 er no ein realitet. Med Erna i spissen har me ein eineståande sjanse til å få gjennomført mykje god Høgre-politikk, avsluttar Aarset.

Les: Ti eksempler på god Høyre-politikk fra regjeringsplattformen

Som medlem i Høgre medverkar du til eit samfunn med moglegheiter for alle. Uansett om du ønsker å vere aktiv eller ikkje, er medlemskapen din viktig for Høgre der du bur.

Vil du å vere med på laget til Erna? Meld deg inn her: hoyre.no/blimedlem