Arkivert artikkel

Fleire millionar til ny handsaming av psykisk sjuke innsette

Det var stor jubel på Ila fengsel då justisminister Wara og helseminister Høie kom med årets beste budsjettlekkasje for dei innsette.

Stortingsrepresentant Frida Melvær. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

I fleire år har Ila fengsel mangla både lokale og kunnskap til å byggje eit helsevesen rundt dei psykisk sjuke tilsette. I statsbudsjettet for 2019 legg regjeringa opp til oppussing av lokale og det vert sett av middel til å flytte spesialisthelsetenesta inn i fengselet.

– Skal vi lukkast med rehabilitering av innsette er vi nøydt til å byggje eit helsevesen rundt dei innsette. Forslaget til regjeringa i budsjettet legg nettopp opp til det. Samarbeidet vi no ser mellom justissektoren og helsesektoren er avgjerande for å byggje eit helsevesen rundt dei innsette, seier Frida Melvær, medlem av justiskomiteen for Høgre.

Etableringa av ein ny nasjonal forsterka felleskapsavdeling ved Ila fengsel sørgjer for at vi byggjer om fengselet. Totalt vert det løyvt 18,3 mill. til å gjere dei bygningsmessige grepa for få avdelinga opp å gå. Etter at opprustinga av fengselet er ferdig vert det sett av 13,5 millionar kroner årleg for å få spesialhelsetenesta inn i fengselet.

– Føremålet er å førebyggje og hindre langvarig isolasjon av alvorleg psykisk sjuke innsette. Dette er eit stort steg i riktig retning for å bidra til å førebyggje og hindre langvarig isolasjon for alvorleg psykisk sjuke innsette. Regjeringa har som mål å redusere isolasjon i fengsel, og vi trur dette kan vera eit tiltak for å få ned isolasjonsnytta, avsluttar Melvær.